LITTERATUR

Terje Torkildsen debuterterte som romanforfattar med ungdomsromanen Marki Marco i 2008, og for denne boka fekk han U-prisen i 2009.

I perioden 2009-2012 skreiv Torkildsen fireboksserien Dystopia og mottok UPrisen for andre gong for Dystopia III. TT er den einaste forfattaren som har vunne denne prisen to gonger.

Hausten 2014 utkom Arrfjes, blei møtt med svært gode kritikkar og er no komen i billegutgåve. Arrfjes er ein historisk roman frå napoleonskrigane.

Første band i novellekransen Stavanger Stories kom hausten 2016 og Humorboka blei lansert våren 2017.