HUMOR

Terje Torkildsen begynte å jobba som komikar for tjue år sidan. Han har til og med laga sin eigen komiske sjanger: morolog. Ein morolog er logisk nok eit løye einsmannshow og den første morologen blei framført på Café Sting i 2002 og den foreløpig siste på Rogaland Teater i 2009.

Torkildsen opptrer gjerne på standupklubbar og er ofte engasjert som komikar og konferansier av bedrifter. Han kan skreddarsy underhaldning innanfor mange forskjellige tema som f. eks. språk, miljø, kultur og kommunikasjon.

Dersom du ønskjer å engasjera TT til oppdrag som komikar eller konferansier, kan du senda ein e-post til Terje Torkildsen eller ringja han på 980 10 168.