TORKILDSEN BRUKTFISKHANDEL

Terje Torkildsen er disponent i einmannsføretaket Torkildsen bruktfiskhandel som held til i Muségata 25 i Stavanger.

TT starta i bruktfiskbransjen tidleg på åttitalet etter ei arbeidsveke i åttande klasse på Muségatas Akvarium. Han starta då Våland bruktfiskhandel saman med kremmargeniet Kjetil Krag. Firmaet blei ein stor suksess og hadde i mange år monopol i Stavanger-regionen. Men som følgje av globaliseringa og billeg brukfisk frå Kina, måtte Våland bruktfiskhandel leggja inn årene i 1988, også fordi eigarane trengde kroner til russefeiring.

Terje Torkildsen overtok agenturet, og etter årtusenskiftet har Torkildsen bruktfiskhandel vakse seg til å bli den største bruktfiskhandelen i verda.